Friluftslaget startar nytt vedlotteri.

Laurdag blir det koseleg stemning i utestova til Spar Uskedalen. Då blir det eit godt høve til å setja seg ned og nyta bygdas beste lappar og kaffi heilt gratis. Dei som vil støtta det gode arbeidet som føregår på Stemneplassen, kan også kjøpa lodd i Uskedal Friluftslotteri sitt vedlotteri som blir trekt i desember. Lodd kan kjøpast både med vipps (60 55 65) og kontant denne dagen. Loddprisen er som før: 100,- kroner. Dei som blir dei heldige vinnarar, kan gå vinteren i møte i ei varm og god stove.
Representantane frå friluftslaget vil vera på plass frå kl. 10.30 og sitja nokre timar utover dagen.

No kan ein sikra varmen til vinteren!

Som før finn vi 3 gevinstar med ved: 15 sekker, 10 sekker og 5 sekker god ved. Nytt denne gongen er det at det er ein fjerde ekstragevinst. Kva det er, kjenner eg ikkje til, men lotterisjefane Jofrid og Åse finn heilt sikkert på noko kjekt.
Dei som ikkje har høve til å komma til SPAR, kan støtta arbeidet til friluftslaget heimanfrå. Då kan ein enten vippsa beløpet til nr. 60 55 65 (Uskedal Friluftslag) eller betala inn til konto:3460.07.53659, og så vil Jofrid føra i lodda fortløpande i loddboka. Loddprisen er altså: 100,- kroner.

Overskotet går til til drifta av Stemneplassen, og der skjer det stadig ting som gjer både plassen og bygget der finare og meir anvendeleg. Møtelokalet er også veldig mykje brukt.
Laget har framleis gode planar, og noko av det som kjem til å skje no, er at det kjem nye sitjeplassar i amfiet og det blir betre tilrettelagt for t.d. rullestolbrukarar.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto og plakat