Landskapsmålaren, Ingvar Pettersen, samla mykje folk til utstillingsopning i dag.
Ingvar Pettersen i Herøysundet må vera storleg nøgd med opninga av måleriutstilling i Grendahuset i dag. Av totalt 47 motiv må sikkert halvparten alt vera selde. For dei som ikkje fekk dette med seg, er det ope også i morgon frå kl. 12.00 til kl. 16.00. Dei fire motiva frå Uskedalen fekk kjapt raude lappar.

Dei fleste motiva er henta lokalt, men vi finn også bilete med motiv frå Suldal, Eidfjord, Hardangervidda, Henningsvær og Marsteinen fyr. Bileta til Ingvar Pettersen er naturlege og enkle. Mykje har sin bakgrunn i det landskapet vi har rundt oss. Det kan vera eldre bygg, rennande vatn, dyr, skog og ikkje minst vinterlandskap.
Motiva er henta frå heile Kvinnherad. Det er truleg grunnen til at frammøte i dag er frå sør til nord i kommunen.

Frå Uskedalen finn vi desse motiva:
- Holmasletto – Nordre Skorpevågen
- Frå Ystanes, Ølve – syner fjella Ulvanoso, Englafjell og Manen
- Den nøysame furua – frå Kvednavikjo
- Skulptur frå istida – Skorpegavelen

Ope i morgon, sundag 19. april, kl. 12 – 16.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal