Landbrukseigendom på Musland ligg ute for sal.
Landbrukseigendom med adresse Muslandsvegen 65 er lagt ut for sal. Salet omfattar tre bruksnummer, 126/1 og to andre bruksnummer. På eigendomen finn vi våningshus frå 1930, kårhus frå 1977, uteleigebustad, garasje, redskapshus og driftsbygning. Gardsbruket på Musland ligg vakkert til langs Fylkesvegen, med storslagen sikt mot Ulvanoso. Alt ligg til rettes for å driva med gardsturisme og utleige knytt til fjellklating og anna friluftsliv. Meglar er Privatmegleren Østbø og Kaldheim frå Haugesund, det same meglarfirma som nyleg selde ein attraktiv eigendom på Snilstveitøy.
Det er dyrka mark på begge sider av fylkesvegen. Arealet er i god hevd og det vert synt til gode avlingar mellom anna til produksjon av silofor. Det er gode beite og gjerde. Det er laga skogsvegar fram til utmark og skog. Bruket har kvote på hjortejakt på tilsaman 6 dyr. Det same gjeld retten til fiske i Uskedalselva, organisert i eige grunn- og elveeigarlag, no Uskedal Eleveforvaltning.
Det totale arealet er delt inn slik:
- Overflatdyrka: 76,1 dekar
- Innmarksbeite: 231 dekar
- Utmark: 1121 dekar
- Skog: 641 dekar
Det er mjølkekvote på 63 000 liter. Taksten er 6,3 mill. kr. I tillegg kjem felles kostnader. Meir informasjon: Ta kontakt med meglar eller grunneigar Tore Musland.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privatmegeleren Østbø og Kaldheim