Utstilling i Galleri L i Strandgaten frå torsdag til søndag.

Kunstnaren Gaute Haugland er mest kjend for dei store veggmaleria sine som ikkje berre prydar veggar i Kvinnherad og Bergen, men i eit langt vidare område enn som så. Mange har blitt imponert over både prosessen og resultatet når han har jobba med sprayboksane. Dei siste åra har det vore stillare om denne imponerande kunsten med sprayboksane. Forklaringa ligg i at Gaute er ein svært allsidig kunstnar som er svært så dyktig når det gjeld å uttrykkja seg med ulike kunstformer, teknikkar og materialar. I alt arbeid han gjer, står han ikkje berre fram som svært kreativ, men også særdeles nøyaktig, noko som resulterer i dei mest imponerande produkt.
For tida er Gaute mest aktuell som lampekunstnar sidan han torsdag 9. februar kl.17 opnar lampeutstilling i Galleri L i Strandgaten 86 i Bergen. I invitasjonen til utstillinga blir Gaute omtala som Norges einaste lampekunstnar som stiller ut for første gong. Utstillinga skal etter planen stå fram til søndag 12. februar.
Galleri L ligg berre nokre få minuttars gange frå hurtigbåtkaien så det er absolutt verd eit besøk for dei som er i Bergen mellom tordag og søndag. Ja, det går også fint å ta ein dagstur med båten for å gå på den historiske lampeutstillinga!
For å visa noko av det som ein vil oppleva, legg vi ut eit utval av flotte, kreative lampar som Gaute Haugland har laga. Han er meister for absolutt alt, også skjermane!

Den kreative kunstnaren lagar også mange andre flotte og kreative kunstverk. Denne helga er det lampane som er i fokus!! Det andre får vi komma tilbake til seinare.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto frå kunstnaren si facebookside