Tore Nordahl-Pedersen frå Uskedalen har i denne veka vore på Geilo for å læra tre ungdomsskuleelevar frå Os å byggja iglo for å så overnatta i den. Tore har lang erfaring med iglobygging. Han bygde sin fyrste iglo for 40 år sidan. Under OL på Lillehammer i 1994 hadde han familien med og budde i iglo den tida leikane varte. No vil han overlevera kunnskapen til nye generasjonar.

1100 meter over havet, på Geilo, har Tore og tre elevar frå Os ungdomsskule vore samla i denne veka, frå måndag til fredag. Straks etter framkomsten med toget måndag tok bygginga til. Fyrst må ein finna ein høveleg og trygg plass. Arbeidet med bygginga tek mellom 4 og 5 timar.

Utstyret er handsager og spade. Arbeidsfordelinga er at to sager blokker, to ber på plass og byggjer. Det må vera svak helling mot inngangen, dette for å laga ei kuldegrop. Storleiken på igloen er tilpassa kor mange som skal bu der. Temperaturen inne i igloen ligg på 0 garder uansett kor kaldt det er ute. I natt var det minus 15 grader ute. Inne: 0 grader.

F.v. Patrik, Teodor og Joan kosar seg i igloen.

Det er temperaturen inne som gjer at det er stor skilnad på iglo og telt. Temperaturen inne i eit telt varierer med temperaturen ute. I ein iglo er det stabilt rundt 0 grader. Med andre ord, ein frys ikkje.

Elevane Patrik, Teodor og Joan går i 8. klasse på Os ungdomsskule. Dei har valfag natur og friluftsliv. Joan er barnebarnet til Tore. Dei lagar all maten sjølve og heime på skulen skal dei leggja fram rapport og fortelja dei andre i klassen frå vinterferieveka på Geilo.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat