Bileta av dei seks lærarane, som i perioden 1893 – 1966 hadde tenesta si på Haugland skule, skal få plassen sin på veggen i den gamle skulestova. Trygve Haugland ( 94 år ) var i dag med og synte plassen. Tradisjonen var slik at etter endt teneste kom det bilete av læraren på plass i skulestova. I Trygve si tid som elev på Haugland, var det fire bilete på veggen. Seinare kom Andreas Haugland og Sigurd Haugland til. Sigurd var det siste læraren på Haugland fram til nedlegging i 1966. I dag er Haugland skule skulemuseum i Kvinnherad.

Trygve Haugland ( 94 år ) har mange gode minne frå tida si som elev på Haugland skule.

No er det klart for montering av seks bilete bak i skulestova, montert kronlogisk og i rekkjefylgje med mellom anna Arne Stuland, lærar Røssland, Johan Omvik, Andreas Haugland og Sigurd Haugland. Arne Stuland frå Omvikdalen vart seinare bygdebokskrivar og lærar på Stord Lærarskule. Andreas Haugland hadde skuleposten på Haugland i heile 34 år, fram til avgang i 1957. Haugland la ned eit stort arbeid for korsong, målsak, fråhaldsarbeid, skogplanting og ikkje minst frå arbeid med ordsamlinga Kvinnherskringlo. I 1969 vart han tildelt Kongens medalje i sylv.

Bileta av dei seks lærarane var lenge å sjå i forsamlingshuset Vonheim. Det hadde seg slik at bileta vart flytta dit i høve sluttfesten for Andreas Haugland som lærar. No er bileta tilbake der dei høyrer heime. Til det store konfirmantjubileet i september vert det ope skulemuseum med høve til på sjå og få høyra meir om desse personlegdomane.

I det varme og fine veret syner Trygve oss skuleplassen der det var mykje leik og aktivitetar.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal