Kyrkjevalet går etter oppsett plan med val av medlemer i sokneråda. Uskedalen har eit sokneråd på fire faste medlemer og tre varamedlemer. Valet vert gjennomført på same tid og i same lokalet som kommunevalet, i same lokale, men ikkje i same rommet. Då det ikkje høver med gudsteneste i Uskedalen før valdagane 10. og 11. september, vert det ikkje førehandsrøysting i kyrkja slik det ofte har vore før. Difor er det viktig at du brukar ein av desse røystemåtane:

  • Førehandsrøysting digitalt fram til 6. september. På kyrkjevalet.no
  • Førehandsøysting fysisk tysdgar og torsdagar kl. 10 – 13 ( ikkje 26.08 ) fram til 7. september på Rådhuset eller på Kyrkjekontoret, Valen.
  • Røysting på valdagane 10. og 11. september i vallokalet for Kommunevalet. Uskedalen har sitt vallokale i Rosendal.

Godt val !

Tekst/ foto: Uskedal sokneråd
Nett: Kristian Bringedal