Med bakgrunn i vedtak i Fellesrådet tek abeidet til med nytt felles kyrkjelydsblad for alle soknene i Kvinnherad. Redaksjonsnemnda har hatt sitt fyrste møte og ein legg opp til at bladet skal vera ute alt til påske. Jan Ove Fagerheim på Kyrkjekontoret held fram som koordinator og redaktør. I redaksjonsnemnda finn vi desse namna: Rita Isdal Cunningham ( Fjelberg og Eid ), Sjur Tjelmeland ( Husnes og Holmedal ), Reidar Algerøy ( Kvinnherad ), Kristian Bringedal ( Uskedal ) og Airin Helene Zimmer ( Ølve ). Sjå bilete.

Tittel og format vert endeleg bestemt på neste redaksjonsmøte.

Kvinnherad har til no ikkje hatt noko felles kyrkjelydsblad, slik vi det er på Stord og i Ullensvang. Ei tid hadde Uskedalen eit blad saman med det som var Kvinnherad Prestegjeld – Over fjorden. Husnes Prestegjeld hadde sitt blad. Ved overføring av Uskedal sokn til Husnes, fekk vi blad saman med dei. No er tida klar for eit felles kyrkjelydsblad i Kvinnherad med eit opplag på 5220 eks.

Redaksjonsgruppa skal ha nytt møte i neste veke. Då vil mykje vera på plass. Ei oppsummering så langt:

  • Namnet vert truleg slik det er i dag ( Husnes, Uskedal, Fjelberg, Eid, Valen og Holmedal )
  • Kyrkjelydsbladet vil koma ut med fire nummer i året.
  • Kostnaden med fråtrekk av inntekter vert fordelte på bygdene i høve til folketalet. For Uskedalen med 8 % av innbyggjarane vil kostnaden bli om lag kr. 4.600,- for fire utgjevingar.
  • Ein legg opp til prodesjonell distribusjon.
  • Kyrkjelydsbladet vil halda fram med faste spalter med oversikt over gudstenester, vigde, døypte, gravlagde.
  • Andre vektlagde tema er: Salmesong, intervju, konsertar og arrangement, andakt, historisk stoff, nytt frå soknene, barne- og ungdomsstoff, konfirmantane, innsamlingar m.m.

Tilsette i kyrkja vert også inviterte til å skriva og dela stoff frå ulike hendingar i kyrkjeåret.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Torstein Aarthun/ Kristian Bringedal