I dag. 13. mars klokka 13.00 ringjer kyrkjeklokkene i Uskedalen for fred i Ukraina. Dette er ei sjeldan markering som berre blir nytta i spesielle høve. I uttale frå biskopane, som er sendt til media, gjentar Den norske kyrkja fordømminga av angrepet på Ukraina. Når kyrkjeklokker i landet ringjer ekstra på sundag klokka eitt, i sju minutt, er det svært uvanleg. No er det ei så alvorleg krise at det er tid for å bruka eit spesielt verkemiddel. Klokkene ringjer for fred. Kyrkja si oppgåve er alltid å kalla til fred, forsoning og rettferd, slik vi har lært av Jesu ord og eksempel, skriv biskopen i brevet til alle soknene i Bjørgvin.

Tekst: Henta frå pressemelding
Foto/nett: Kristian Bringedal