Kyrkja i Kvinnherad inviterer til å vera med i sorggrupper. 1. Gruppe for enker, enkemenn og tap ved død av livspartner. 2. Gruppe for vaksne pårørande etter sjølvmord og ulukker. Bilete syner to av kurshaldarane. f.v: Aslaug Hellesøy og Ingrunn Koløy. Les meir om kvar av desse gruppene:

Gruppe for enker, enkemenn og tap ved død av livspartnar
Påmelding seinast fredag 20. september. Samlingane vert i Valen kyrkje eller på Rosendalstunet, alt etter kor i distriktet deltakarar som melder
seg på er ifrå. Sorggruppeleiarar er Aslaug Hellesøy og diakonimedarbeidar Ingunn Koløy. Aslaug har brei erfaring i sjukepleiarfaget og har jobba innan for mange område i nærare 40 år. Samlingane vert vekedagar kl. 11-13 éin gong pr. månad. Tilbodet er gratis. Oppstart i slutten av september.
Sorggruppe for enker, enkemenn og tap ved død av livspartner er eit nyoppstarta tilbod denne hausten.


Sorggruppe – For vaksne pårørande etter sjølvmord og ulykker 
Påmelding seinast måndag 16. september. Samlingane vert i Valen kyrkje, éin torsdag i månaden, kl.18-20. Sorggruppeleiarar er sokneprest
Kjersti Brakestad Boge og diakonimedarbeidar Ingunn Koløy. Kjersti har over 25 års erfaring med å møte menneske i sorg. Tilbodet er gratis.
Vi har hatt ei slik gruppe tidlegare med 8 samlingar. Denne hausten startar vi med ny gruppe. Oppstart torsdag 19. september.


Sorg og store tap gjer noko med oss. Ei sorggruppe gjev støtte og fellesskap. Ei sorggruppe er ein møtestad der pårørande kan treffa andre «i liknande situasjon», prata om det ein har opplevd og den ein har mista. Ein kan utveksla erfaringar, råd og informasjon om korleis ein kan handtera
situasjonen, og ventilera reaksjonar og utfordringar saman med andre som forstår ein. Sorggruppa kan gje livsmot og håp ved at ein ser og høyrer at det er mogeleg å koma vidare i livet etter å ha mista nokon av sine kjære.


Det ligg brosjyre ved inngangen i kyrkjene og på fleire legekontor i Kvinnherad. For meir info og påmelding, følg linken
https://www.kvinnherad.kyrkja.no/Artiklar/Artikkeldetaljer/ArticleId/12477/ eller ved å ta kontakt med kyrkjekontoret på 90531910 (ikkje sms)
eller send mail til post.kyrkja@kvinnherad.kommune.no

Tekst/foto: Presseskriv - Kyrkja i Kvinnherad
Nett: Kristian Bringedal