I desse dagar for 50 år sidan kom lokalavisa Kvinnheringen ut med si fyrste avis. Torfinn Myklebust frå Uskedalen var redaktør. Utgjevar var Kristian Hus. Ein anna pådrivar var Jan A. Meyer, ungdoms- og irettsleiar i Kvinnherad. Avisa kom ut ein gong i veka og vart trygt i Aksidenstrykkeriet sine lokale i kjellaren på det nye butikksenteret. Torfinn Myklebust var redaktør i tillegg til å vera lærar på Husnes ungdomsskule i full stilling. Han hadde stor interesse for avisarbeid og kom seinare i arbeid som journalist både i Bergens Tidende og Haugesund Avis. Torfinn Myklebust døydde i 2011. Kvinnheringen har varsla at jubileet skal markerast noko lesarane kan sjå fram til med glede. Bilete syner f.v: Redaktør Torfinn Myklebust, typograf Odd Persson, utgjevr Kristian Hus og kontormedarbeidar Solveig K. Hus.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivbilete - Kvinnheringen