Fortvil ikkje, Kvinnheradløpet går av stabelen på søndag trass dei dårlege vêrmeldingane. Men arrangøren gjer likevel grep for å sikra ei god gjennomføring. Derfor blir det sendt ut følgjande informasjon:

Som sikkert dei fleste har fått med seg, er det meldt eit frykteleg uvêr søndag morgon og føremiddag. Arrangørane av Kvinnheradløpet har difor diskutert kva dei skal gjera. Konklusjonen vart av løpet går som planlagt, men sidan vêret ifølgje meldingane skal bli vesentleg betre frå 12-13-tida, har ein valt å forlenga starttidspunktet med 1 time. Det betyr at deltakarane kan starta frå gymsalen ved Rosendal Samfunnhus mellom klokka 10.00 og 15.00.

– Vi er til stades frå klokka 10.00 som planlagt, men vi oppmodar alle som har lyst å starta før klokka 12.00 om å sjekka vinden, og gjera sjølvstendige vurderingar av tryggleiken. Vonleg stemmer meldingane om at vinden skal løya og regnet letta etter klokka 12.00, slik at dei som startar litt seinare kan få ein skikkeleg flott hausttur i nydeleg natur, seier Kåre Eik og Morten Nygård i Rosendal Turnlag Turgruppa i ei pressemelding.

Nett: Thor Inge Døssland