Kvinnherad Vekstbedrift sitt vaskeri er ein god plass for dei som ynskjer sommarjobb. Ein tur innom vaskeriet og vi møter fire godt nøgde personar i full sving med vask og klargjering av handklede og sengety for sjukeheimane i kommunen. Her er det ikke snakk om stopp i ferien. Arbeidet må gå sin gang.Kundane etterspør reine klede heile tida. Difor hentar Kvinnherad Vekstbedrift inn sommarvikarar som er med og held oppe drifta. Bilete syner persoane f.v. slik dei er omtalt i artikkelen under. Les meir om sommarvikarane:

  • Fredrik Simensen Haugland ( 17 år ), elev på Kvinnherad Vidaregåande skule. Det er andre året han har sommarjobb på vaskeriet. Fredrik brettar ty, men gjer elles det meste. Fredrik bur i Korsneset i Uskedaken.
  • Sondre Johansen ( 29 år ) frå Valen, men bur til vanleg i Bergen. Sondre har jobba på Kvinnherad Vekstbedrift sitt vaskeri før. Han vil ta fagbrev i vaskerifaget.
  • Torbjørn Haugland ( 18 år ) frå Haugland i Uskedalen. Det er andre året han har sommarjobb på vaskeriet. Han gjer alt førefallande arbeid frå å vera i mottaket til ferdig vaska ty og klargjering for transport.
  • Elise Eikeland ( 17 år ) frå Sandnes, men bur hos slekta si på Haugland i den tida ho har sommarjobb i Uskedalen. For henne er det også andre året ho er i denne jobben

Arbeidslinja er slik: Mottak av skite ty – vasking – tørking – bretting – rulling – pakking og klargjering for opplasting på bil. Arbeidsdagen tek til kl. 07.30 og sluttar kl. 15.00.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal