Kvinnherad Breiband i gong på Skorpo.
Kvinnherad Breiband AS er no i gang med full utbygging av fiber til hus og hytter på Skorpo. Dette blir løyst med økonomisk støtte frå Nkom og Kvinnherad kommune. Dermed blir det snart fiberløysing til denne vakre øya utanfor Uskedalen der det er få fastbuande, men desto fleire hytteeigarar. I samband med oppstarten av utbygginga melder Kvinnherad Breiband dette på heimesida si, kband.no.
No er våre kjekke montørar i gang med fiberutbyggjing på Skorpo. Godt assistert av Ole Kristoffer har vi fått på plass utstyr, kablar og mannskap og ser fram til nokre veker med effektivt arbeid i flotte omgivelsar.
Vi strekkjer opp spredenett, skøyter saman og strekkjer fiber inn til hytter og hus der vi har motteke bestillingar. Det er framleis råd å få installert om du bestiller no via heimesida vår kband.no.
Tilkopling og idriftsetjing vil det bli når vi har fått kopla sjøkabelen saman med vårt nett på landsida i Uskedalen. Då vil vi føreta installasjonar i hus og hytter og få Skorpefolket på nett.
Det er ei stor glede for oss i Kvinnherad Breiband å ynskja Skorpefolket velkomne i breibandsfamilien som snart tel 5000 kundar.
Tekst og foto: Kvinnherad Breiband AS
Nett: Thor Inge Døssland