Eldre bilete engasjerer og takk til dei som har sendt oss framlegg på namn på flaggberaren og sidemannen fremst i 17. mai toget 1960. Vi har rett nok ikkje eit sikkert svar på kven som var flaggberar. Thomas Wang og Peder A. Kjærland er nemnde. Kjell Yri er truleg namnet på han som går ved hans side. Kjell Yri kan ha vore formann for dagen det året. I mange år og over lang tid var han skytebas i entrprenørfirma G. Røsseland. Difor var det naturleg at han også hadde ansvaret for salutten kl. 07.00. Det var vanleg at borna sprang langs sida og i forkant av toget. Synleg på bilete er Lars Terje Åsen, den gongen 9 år gamal. Men: Kven var flaggberaren. Redaksjonen er framleis takksam for framlegg på namn.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal