Flottøren som var på rek i Storsund tidlegare i veka, ligg i stranda på innsida av Korsneset. Flottøren er av den typen som vert brukt som flytemiddel under bryggjar og gangbruer. Med vind frå aust kan flottøren på nytt koma på rek i sundet. Difor er det viktig at eigaren tek hand om og hentar gjenstanden. Med all småbåttrafikken som går gjennom Storsund, ofte med høg fart, kan flottøren vera eit farleg element.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal