Kvartetten ÆRE syng på jubileumsgudsteneste i Eid kyrkje på Halsnøy.
I høve Eid kyrkje 200 år er kvartetten ÆRE invitert til å vera med på jubileumsgudstenesta i morgon, sundag 1. september kl. 11.00. Biskop Jepsen i Bjørgvin og prosten i Sunnhordland er liturgar saman med sokneprest Carsten Mrusek. Ære syng tre salmar, ein av dei mens det er nattverd. Jubileet vert markert med bok, temakveld, gudsteneste og festmiddag. Bilete f.v: Eva Megyesi, Svein Rimestad, Kristian Bringedal og Aslaug Hellesøy.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto