Kvartetten ÆRE har starta øvingane for hausten. Fyrste framføring var på NMS sitt områdestemne og årsmøte på Husnes i dag. Kvartetten song fem salmar/songar i to avdelingar, mellom anna Sommarsalme, svensk tekst omsett til norsk av Svein Rimestad, arrangert av Pabel Cabala. Pavel er kantor i Odda. ÆRE øver kvar tysdag i Uskedalen. Musikalsk leiar er Eva Megyesi.

Norsk Misjonselskap vart skipa i Stavanger i 1844. Uskedalen var tidleg ute med lokallag og kvinneforening, faktisk to år før skipinga av nasjonal forening i Stavanger. Misjon er i sterk endring, noko som vart formidla i talen til Eivind Hauglid, tidlegare misjonær i Thailand. I dag er det like mykje misjon på tvers av land og miljø, enn at alt spring ut frå ein misjonsforening i Noreg.

Tidlege sokneprest i Kvinnherad, Gunnvald Bjotveit, er områdeleiar. Med seg i styret har han mellom anna Aslaug Hellesøy, som også syng i kvartetten ÆRE. På samlinga på Husnes var det frammøte frå Uskedalen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat