Det føreligg framlegg til Høgreliste til kommunevalet i september. Dei fem fyrste på lista er kumulerte. Av dei finn vi ingen frå Uskedalen. Oddbjørn Kroka har fått 6. plassen, og dermed er han ikkje på kumulert plass med røystetillegg. Nr. 1 på lista er Vegard Bjørnevik. Han er Høgre sin ordførarkandidat. Dei andre kumulerte er: Helge Tangerås, Silvia Tofte, Stine B. Hatteberg og Knut Johannes Helvik. Andreas Tarberg og Steinar Kroka frå Uskedalen er også å finna på Høgrelista.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal