Kristine Tveit frå Matre hadde sin fyrste arbeidsdag på Uskedal skule i dag. Einingsleiar Odd Steinar Arnesen helsa henne velkomen til skulen. Kristine har lektorudanning frå Høgskulen i Trondheim, tilsaman fem år og dermed 300 studiepoeng. Ho er faglærar med faga kroppsøving/idrettsfag og samfunnsfag. Før lærarutdanninga har Kristine eit års jusstudie. I Uskedalen skal Kristine vera lærar i 5., 6. og 7. klasse. I tillegg til faga sine skal ho vera tolærar i faga norsk og matematikk. Kristine, som bur i Matre, søkte Kvinnherad og fekk tilbod om lærarstilling i Uskedalen. Som ein del av lærarutdanninga har ho vore i praksis. Dessutan har ho prøvd seg litt som vikar.

Kristine Tveit frå Matre er nytilsett lærar i Uskedalen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal