Kristian Hus er neste førelesar i Senioruniversitetet, torsdag 11. nov. kl. 11.
Kristian Hus frå Skimtvis forlag vert neste førelesar på møte i Kvinnherad Senioruniversitet, torsdag 11. november kl. 11.00. Tema vil vera: Samfunnsbyggjarane – soga om entreprenørfirma G. Røsseland. Bakgrunnen er boka frå Skimtvis forlag, ei bok som vil vera bestseljar i tida fram til jul. Frå starten i 1952 har Gunnar Røsseland og familien vore sentrale i utviklinga av lokalsamfunnet, særleg på Husnes, men også i Kvinnherad generelt.
Mellom 25 og 30 personar frå Uskedalen har hatt arbeidet sitt i Røsseland, i kortare eller lengre tid. Det er alt frå sjåførar, maskinkøyrarar, skytebas, forskaling/ betongarbeidarar, verkstadarbeidarar til dei med merkantil og administrativ teneste. Mange i Uskedalen vil ha glede av å høyra dette føredraget som er lagt til Kultuskulesenteret Husnes.
Inngang: kr. 100/150,-. Enkel servering.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Nissestad - Grenda