
Kreativt på Kjærlandsido.
Køyrer du langs Sørfjorden i Hardanger i desse dagar, vil du sjå salsboder med moreller og plommer mest på kvar fruktgard. I går, måndag, fekk vi sjå litt av det same då det dukka opp ein plakat ved nedkøyrsla til Lislerud på Kjærlandssido. Nypoteter til sals. Fine poteter pakka i kiloposar, rimeleg til sals. Betaling med VIPPS. Vi reknar med at det var “den yngre garden” som hadde ideen og som vll nytta naturresursane på ein god måte. Med andre ord: Eit kreativt salstiltak. Så langt vi kjenner til var det fleire kundar som nytta seg av tilbodet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal