Det er godt synleg at det har vore ei kraftig påkøysle i autovernet i Kleivadalssvingen. Uskedalen.no kjenner ikkje bakgrunnen for denne hendinga, som truleg har skjedd i går kveld eller natt til 1. nyårsdag. Så langt vi ser, er det ikkje meldt frå om denne ulukka. Det er store skader på autovernet og framleis ligg det glasbitar og bil- og skiltrestar att på plassen. Kleivadalssvingen er ein utsett plass. Sjølv om svingen er utbetra og sikra med autovern, skjer det frå tid til anna påkøyrsle her.

Autovernet er rive opp og vridd 180 grader.
Restar frå autovernet og skilta ligg att i ytterkanten av svingen.




Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal