Det vart ny rekord på innsamla midlar til Uskedal Bedehus. Basaren sist laurdag gjekk ut med eit resultat på heile kr. 57.000,-. Det er faktisk ein auke på kr. 16.000,- frå 2020. Då var resultatet kr. 41.000,-. Bedehusstyret takkar alle for godt frammøte og god støtte, også til alle som gav kostbare gåver og vinstar. Bilete på topp syner f.v. Tor Håkon Haugland og Knut Olav Myklebust. Det var dei som leia basaren og las opp nummer.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal