Med bakgrunn i søknad frå det nyskipa Uskedal Historielag er det løyvd kr. 25.000,- til lokalhistorisk skrift. Vedtaket er gjort i Kvinnherad formannskap. Tilskotet utgjer 50 % av søknadssummen. Redaksjonsgruppa er nøgd med løyvinga, men vil presisera at prosjektet med dette ikkje er fullfinansiert. Det vert difor arbeidd vidare med søknader og innhenting av sponsorar frå det lokale næringslivet. Kostnader til layout, repro, trykking er sett til kr. 60.000,- eks moms. All skriving, skanning av foto m.m er gjort på dugnad. Boka på om lag 150 sider skal vera klar for sal i haust. Innhaldet i det fyrste skriftet vil i store trekk handla om lokalt næringsliv, eldre farty, evakueringa aprildagane 1940, idrett, DS kaiane og rutebåtane. Bilete syner redaksjonsgruppa. F.v: Svein Rimestad, Thor Inge Døssland, Harald Sætre, Torkel Stensletten og Astrid Haugland.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal