Av to ordinære søknader frå Uskedalen gjekk den største gåva i kveld til Uskedal Idrettslag. Heile kr. 230 000,- til prosjektet Multibane. Haugland – og Musland Grendalag fekk, som vi har skrive før, kr. 30 000,- til brunn for å sikra godt vatn til Vonheim. Per Korsvold og Gina Berge-Soldal tok mot gåva til Idrettslaget. ( Sjå bilete ). Uskedal Historielag er tildelt ei gåve på kr. 28 000,- til datautstyr og skanner for fotobehandling. Utstyret er alt kjøpt inn og teke ibruk.

Uskedal Historielag vart tildelt gåve til skanner og datautstyr.

Med bakgrunn i 185 søknader vart det i vårhalvåret delt ut 71 gåver til ein verdi av 8,6 mill. kroner. Då er alt medrekna, både forenkla og ordinære søknader. Bankstiftinga har formulert tre viktige berekraftmål:

  • God helse og livskvaitet
  • Mindre ulikhet
  • Eit berekraftig samfunn.

Dagleg leiar i SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad, Bente Lie Nilsen, oritenterte om kva kategoriar det vert lagt vekt på ved tildeling, mellom anna gode prosjekt innan idrett/friluftsliv, kunst/kultur og tiltak i samfunnet som fremjar utvikling.

Forenkla søknader med gåve inntil kr. 30 000,- har ei behandlingstid på maks 6 veker. Ordinære søknader har som vanleg tildeling to gonger i året, vår og haust.

Tildelinga i kveld var som vanleg ein fest med underhaldning av songgruppa Perlene frå Halsnøy og god mat laga og servert på Kulturhuset Husnes.

Test/foto/nett: Kristian Bringedal