Etter to år med pandemi, kohortar og begrensa muligheter for fellesaktivitetar, begynner vi å komma tilbake til normalen. Det er godt. Slik er det også i undervisninga på Vaksenopplæringa. For både elevar og lærarar har ulike former for fellesaktivitetar og gruppesamlingar vore eit stort sakn.
Derfor var det særdeles kjærkome då elevrådet, med leiar frå Eik her i Uskedalen, inviterte til vaffeldag for dei klassane som hadde skuledag på fredag. Dette hadde elevane venta på, og gleda i ansikta deira skein om kapp med sola ute!
På bildet over ser vi vaffelsteikarar frå Syria, Bangladesh og Kongo.

Frå første samtaleøkta. Lærar Birte Bruvik besøker bordet med elevar frå Filippinene, Kurdistan, Bangladesh og Kongo.

Vaffeldagen var lagt til siste skuletimen denne fredagen, og det var elevrådet som hadde planlagt dagen og stod for steiking av vafler tidlegare på dagen. I den samanheng er det verd å nemna at elevrådsleiaren er Mayesha Samiha frå Bangladesh som bur på Eik. Vaflene blei servert med ulike variantar av syltetøy, rømme og brunost. Til drikke kunne dei velja mellom kaffi, te og saft.

Ein viktig del av økta var å bli kjent med elevar frå andre land og frå andre klassar. Derfor blei elevane delt i grupper, først to og to, og seinare litt større med nye samtalepartnarar. Samtalen måtte sjølvsagt gå på norsk, og med gode vafler og breie og glade smil var det god drøs rundt borda. Her fekk dei trening både i å presentera seg, snakka om temaet jobb og yrke, og sjølvsagt andre ting som fall naturleg.

Frå andre samtaleøkta der vaflene er komne på bordet. Lærarkontakt for elvrådet, Cathrine Haugland, er innom elevar frå Polen, Russland, Kurdistan, Eritrea og Ukraina.

Song er ein fantastisk fellesaktivitet som tidlegare blei mykje brukt, og som har vore sterkt sakna på Vaksenopplæringa desse to åra. Derfor var det ei naturleg avslutning. Denne gongen var det Vilde og Anna sin “Vestlandet” frå Melodi Grand Prix Jr. som blei brukt. Med songglede og kraft blei denne framført så flott at vi fekk positive kommentarar frå folk som var utanfor lokala.

Nokre av elevane under songnummeret.

På veg heim frå jobb tenkte denne pensjonisten: Jammen er eg heldig som får vera vikar slike dagar, og får ein slik flott inngang til helga! Det må berre opplevast før ein kan forstå det!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland