Håpar det blir eit årvisst arrangement!

Uskedal Skulemusikk arrangerte i ettermiddag musikkrebus. Det var andre året med dette arrangementet. I fjor var det utandørs medan det dette året blei flytta inn i Aktivitetshuset på grunn av veret. Dette arrangementet framstår som ein sikker vinnar, og det fungerer like godt inne som ute. Det var ei veldig koseleg ettermiddagsstund. Musikantane stilte opp enten åleine eller i par og framførte nokre få taktar i begynnelsen av songane, og så var det opp til publikum å gissa kva songar det var. Ja, det var forresten ei gruppe som var tre, men det var til gjengjeld dei tre foreldra Malin H. Tungesvik, Per Korsvold og Monica Hermann som presenterte den 13. og siste oppgåva. Før dei var dirigenten Tor Skeie Olsen i elden, medan dei unge musikarane tok seg av dei 11 første oppgåvene.

Flinke og fortente vinnarar!

Innimellom oppgåveløysinga kosa publikum seg med gode kaker, kaffi og saft. Stemningen var svært god rundt borda. Spenningsfaktoren var høg då dei 13 presenterte heile songane etter at svararka var levert inn. Musikarane kom veldig godt frå oppgåvene sine, og det er svært tydeleg at mange har hatt flott framgang siste året. I tillegg utstrålar dei stor speleglede, og dei viser at dei har det gøy med musikken. Det var heilt fortent at dei fekk eit stort publikum, og underteikna talde til tett på 70 i salen.

Spenninga blei utløyst då leiaren i skulemusikken, Monica Hermann, presenterte resultatlista. To lag hadde alt rett, men premien gjekk velfortent til laget som hadde imponert mest. Dei hadde nemleg ein forelder som hadde pussa støvet av kornetten, og spelte. Dermed fekk dei ein velfortent twistpose i premie. Laget bestod av Viljar Hella Berge Soldal og tre generasjonar Korsvold.

Det flotte stunda blei avslutta med at Uskedal Skulemusikk framførte rytmiske og kraftfulle “Bom, Bom!” (bildet øvst). Styret var svært fornøgde med heile arrangementet, og dei sette stor pris på at så mange hadde tatt turen.
– Dette var jo så kosleg at det må bli ein årviss tradisjon, sa leiar Monica Hermann etter arrangementet. Alle som var der, var nok einge med henne i det!

Songane får de i biletserien nedanfor:

Ann Cecilie og Erle Marie opna det heile med “Her kommer PIPPI LANGSTRØMP”
Anna og Erle Marie spelte “Hvis dine ører henger ned”
Emilie og Nora framførte “Tema frå Flåklypa”
Mileah og Margrete spelte “Fader Jakob”
Margrete spelte “Du kâre lille snickerbod”
Ola og Iver framførte “Flintstones”
Ebba og Ylva spelte “Kanskje kommer Kongen”
Ebba og Ola framførte “Så går vi rundt om ein einebærbusk”. Imponerte stort med å byta instrument!
Nils Rainer framførte “Ut mot havet”
Anders spelte “Olsenbanden”
Mia og Anders framførte “Lille måltrost”
Dirigent Tor spelte “Røvervise”
Flott avslutning ved Monica, Per og Malin i “Hode, skulder, kne og tå”

VEL BLÅST ALLE SAMAN!! FLOTT!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.