Det var bra med publikum som fekk oppleva ein fin konsert med Uskedal skulemusikk i Aktivitetshuset i ettermiddag. Musikken frå instrumenta til dei unge musikarane stod i sentrum, og det blei krydra med gode kaker, kaffi og saft. Det vart ei koseleg stund for alle frammøtte, og både musikarar og foreldre hadde god grunn til å vera stolte.

Konserten opna med to fellesnummer av korpset First Tune (in Harmony) og Oats and Beans, den første eit roleg nummer medan det andre var meir fartsfylt. Som vanleg styrte dirigent Tor Skeie Olsen taktstokken med sikker hand, og dermed hadde konserten fått ein god start. Seinare i konserten presenterte korpset to flotte nummer til, – Folk Dance og Peppermint Tango.

Innimellom desse nummera stod musikantane fram som solistar, nokre åleine, andre som duett og så fekk vi høyre ein grovmessingstrio. Det var flott å oppleva kor trygge og gode dei unge musikarane var. Bildetekstane fortel kva dei spela.

Margrete og Mileah var første solistane i programmet då dei framførte Fader Jakob.
Kornettistane Ann Cecilia og Nora hadde ein flott duett då dei spelte Folk Dance.
Aspiranten Mia framførte Kom og hør på hornmusikk godt støtta av Ebba.
Anna viste talentet sitt i ei flott framføring av Henning Sommerro sin Vårsøg.
Grovmessinggutta Ola(trombone), Iver(tuba) og Nils Rainer(euphonium) framførte ein frisk versjon av Imperial March.

Etter at siste tone i Peppemint Tango hadde lagt seg, hadde eg håpa på reprise av det flotte sistenummeret, men då musikantane hadde tatt mot applausen, hadde dei det travelt med å få smaka dei gode kakene. Det fortente dei verkeleg!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.