Torsdag inviterte Røysterett for Alle til korkafè i Helgheim. Med ein solslikkande redaktør på sydlegare breiddegrader og underteikna forhindra frå å delta, baserer vi oss på meldingar frå dei som var til stades når dette blir skrive. Kjeldene våre kan melda om ei særs triveleg stund i ungdomshuset med god song og musikk, spenning, kaffi og velsmakande kaker, drøs og svært god stemning.

Publikum kosa seg i Halgheim torsdagskvelden.

Etter at leiaren av Røysterett for Alle, Jarle Fossheim, hadde ønskt velkommen til innbedne gjester, korets æresmaskot Bjørgulv Eik og dei rundt 25 betalande tilhøyrarane, opna koret ballet med Beatles sin “Here, There and Everywhere” med pianoakkompagnement av dirigent Maria Malmsten. Etter det fulgte dei opp med eit variert program der det burde vera noko for einkvar smak. Av programmet nemner vi kjende klassikarar som “Vitae Lux”, “Vals i tango” og “I’m gonna Knock on Your Door””. Vår publikumskjelde rosar framføringa og framhevar den lette og humørfylte tonen under framføringa. Den forplanta seg til stemninga for resten av kvelden.

Anna Hermann Fossli er ung og talentfull. Ho framførte eit flott program med Gje meg handa di ven, Ved Rondane og Men går jag øver ängarna.
Nils Rainer Strüter Vågen er komen langt på euphoniumen. Han gav flotte versjonar av Ut mot havet og Rule Brittannia.

Etter ein allsong der Haldor Tveit (trekkspel), Svein Rimestad (gitar) og Tore Nordal Pedersen (bass) sytte for tonefølgje, var det klart for kveldens gjester. Det var unge og flinke musikarar frå skulemusikken. I tur og orden fekk publikum høyra Margrete Feet (althorn), Anna Hermann Fossli (kornett), Ola (trombone) og Iver (tuba) Hermann Fossli i duett, Anders Feet (althorn) og Nils Rainer Strüter Vågen (euphonium). Her fekk publikum høyra mange flotte nummer, og variasjonen var stor. Etter start med “Fager kveldsol smiler”, nemner vi mellom andre “Gje meg handa di ven”, “Ved Rondane”, “Men går jag øver ängarna”, “Ane Madam”, “Flintstones” og Edvard Fliflet Bræin sin vakre klassikar “Ut mot havet”. Ja, Anders syntes til og med at det var på tide med to av dei mest kjende julesongane!
Dei unge musikarane kom flott frå framføringane. Både publikum og musikarane sette stor pris på desse innslaga. Skulemusikken seier at dei er svært glade for invitasjonen. Slike opptredenar er svært utviklande for dei unge musikarane.

Etter den rikhaldige song- og musikkmenyen var det ein allsong før det var klart for pause med kaker, saft og kaffi kombinert med spennande åresal. Trekkinga gjekk kjapt unna, – dagens teknologi gjer jo at vinnarane berre er eit tastetrykk unna. Det var mange som sikra seg laurdagsgodt denne kvelden, og ulike andre småeffektar vart også med mange heim. Gleda var stor blant vinnarane, og det var kanskje den yngre garde som gav tydelegast uttrykk for gleda.

Den svært så vellukka kvelden blei avslutta med allsong, og med at Røysterett song “An Irish Blessing”.

Dei unge aktørane sette stor pris på godsakene dei fekk for innsatsen.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Tor Edward Taranger