Koseleg innsamling til TV-aksjonen med super innsats av Vaksenopplæringa.
Samla inn over 3200 kroner.
Tysdag var eg så heldig at eg fekk vera med når elevrådet ved Vaksenopplæringa hadde si markering i samband med årets innsamlingsaksjon. Ramma rundt det heile var eit kafèkonsept der det blei selt rikeleg med pizzabollar og skillingsbollar som elevar hadde laga tidlegare i undervisninga. Nydelege nudlar i to variantar var også på menyen. Av drikke kunne ein velja mellom kaffi, te og saft. Alt blei selt til svært snille prisar, men jammen gav det flott støtte til innsamlingsaksjonen. Rektor kan no overføra over 3200 kroner.


Det var riktig koseleg i samlingsrommet på skulen sjølv om det slett ikkje var sitjeplasser til alle då kontaktlærar Elisabeth Berg Hass ønskte velkommen, før ho overlet ordet til ein elev frå Ukraina. På imponerande norsk, etter kort tid læring, imformerte han dei frammøtte om Tv-aksjonen. Deretter fekk vi eit musikkinnslag med Denys frå Ukraina som framførte eit par flotte gitarnummer.

Bingo er alltid ein sikker vinnar. Det skaper både stemning og spenning. Slik var det også denne gongen. Det var tydeleg å registrera etter kvart som Elisabeth Berg Hass les opp det eine talet etter det andre. Alle var med, og alle fekk kvar sitt brett. Tre heldige vinnarar vart det, og alle gledde seg med dei. Klappsalvane var det tydelege beviset.
Det var ei særs kjekk stund der vi fekk oppleva gleda ved å hjelpa dei som treng det, stoltheten over å gjennomføra arrangementet og at denne gruppa visste kor viktig slik hjelp er.
Applaus til elevar og tilsette ved vaksenopplæringa for gjennomføringa!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland