Ein oversikt frå Lotteri- og stiftelsestilsynet syner at seks lag og organisasjonar fekk Koronastøtte. Tildelinga gjeld for perioden mai 2020 til juni 2022. Festidalen toppar den lokale lista med eit tilskot på kr. 74.900,-. Uskedal Idrettslag motteke koronastøtte på kr. 41.931,-. Dei andre laga i Uskedalen er: Uskedal Helselag, Uskedal skulmeusikk, Uskedal ungdomslag og Røysterett for Alle. Tildelinga vert gjort med bakgrunn i søknad der ein må dokumentera sviktande inntekter i den perioden Covid 19 la ein dempar på lagsdrifta. Total fekk 67 lag og organisasjonar i Kvinnherad koronastøtte.

Tekst//nett: Kristian Bringedal
Foto: Marius Mathisen
Kjelde Kvinnheringen 22. juli 2022