Kvinnherad er inne i ein periode med langt fleire koronasmitta enn tidlegare. Berre frå fredag til i dag, onsdag, var det 36 nye tilfelle. Smitten siste tida er i hovudsak knytta til eit utbrot ved Malmanger skule, og kommuneoverlege Glenn Andrè Opland kan opplysa at dei har kontroll på situasjonen. Han oppfordrar no til å utsetja arrangement der mange møtest på kryss og tvers av bygdene. Dette gjeld særleg i Rosendalsområdet. Han understrekar og at det er svært viktig at vi held dei grunnleggande smittevernreglane: avstand, handvask/spriting og at vi held oss heime ved symptom på sjukdom. Over ser vi bilde frå familietrimmen i Uskedalen som blei avlyst på mandag for å ta omsyn til smittevernreglane.

Fleire har alt teke omsyn til smitteauken. Familietrimmen veit vi vart avlyst sist mandag, og vi kjenner også til at situasjonen har påverka annan aktivitet. Skulemusikken har flytta øvinga si i dag til hallen i Aktivitetshuset for å få meir plass for å kunna overhalda smittevernet betre. Eit anna døme på korleis det påverkar aktiviteten vår, er at vi kjenner til at folk ikkje nytta billettane sine ved kyrkjekonsert sist helg av frykt for at det kunne bli tett mellom dei som var til stades.. Det er nok mange fleire døme på korleis situasjonen påverkar oss i det daglege.

Heldigvis er dei no i gong med vaksinering av 3.dose. Og heldigvis er det statistikk som viser tydeleg at vaksinen verkar. Det er 8 ganger så stor sjanse for å bli smitta dersom du ikkje er vaksinert enn når du er vaksinert. I tillegg blir sjukdomsforløpet mildare. Derfor går det ut ei sterk oppmoding til uvaksinerte om å melda seg til vaksinasjon.

Smitteauken i Kvinnherad er ikkje eineståande. I går kunne vi lesa om at 20 Bergenskular hadde smittetilfelle. Det blei også sett ny smitterekord i landet med over 2500 smitta på eit døgn.

Derfor er det særdeles viktig at vi overheld grunnleggande og viktige smittevernreglar og følgjer dei råda som ansvarlege fagfolk gir. Då kan vi forhåpentlegvis klara å slå ned denne smitteboomen ganske fort.

Tekst, arkivfoto og nett:  Thor Inge Døssland