Så langt uskedalen.no kjenner til vert det namnekonkurranse om kva det nye koret skal heita. På omframt årsmøte i kveld er vedtaket at det vert lyst ut namnekonkurranse. Dermed vert ikkje namnet Røysterett for Alle ført vidare, heller ikkje Husnes Blandakor.

Bilete frå den siste framføringa som to kor.

Sist dette var tema på uskedalen.no vart det skrive at Husnes Blandakor slår seg saman med Røysterett for Alle og at ein vil halda fram med å bruka namnet på uskedalskoret. Slik vert det ikkje. Nytt kor treng nytt namn.

Fram til omframt årsmøte i kveld har det vore framme nokre framlegg til namn, slik som Blandakoret Røysterett og Blanda Røyster.

Det var Svein Rimestad som i si tid hadde ideen til namnet Røysterett for Alle, eit kornamn som vart landskjend og som Norsk Språkråd tok fram som døme på god namnebruk.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto - Karen Løvfall Våge