Med vår i lufta inviterte Røysterett for Alle i samarbeid med Husnes Blandakor til korkafe i Helgheim. Det er som Brit Helen Hauan sa til opning: Det er tradisjon med korkafe vår og haust. Det vart på alle måtar ein variert og triveleg konsert, alt frå Vals i tango av Powel Ramel, En natt forbi av Jan Eggum til Ellinors vise, arrangert av Maria Malmsten til eit 8. mars arrangement i Kvinnherad for to år sidan. Gro Skeie er koret sin faste pianist.

Lærar og elev, f.v: Maria Malmsten og Julian Skaale Staveteig.

Røysterett for Alle og Husnes Blandakor song til opning, mellom anna Be my love, tekst av Shakespeer og tone: Kjersti Follesø. Follesø har også sett tone til to tekstar av Signe Seim, Vise for Marit og I perlemorland, framført av GLIMRAH. Signe Seim ( f. 1929 ) frå Voss skriv naturlyrikk, lyttande til ei samtid der den sårbare naturen vert eit viktig tema.

GLIMRAH framførte fem songar, mellom anna med tekstar av Signe Seim, tonesett av Kjersti Follesø.

Eit anna innslag av GLIMRAH var Olav H. Hauge teksten I dag og i morgon, musikk av Odd Johan Overøye. Overøye har laga mykje vakkert, ein komponist vi vil få høyra meir til i tida framover.

Merk deg namnet Julian Skaale Staveteig frå Seimsfoss, eit ungt talent som stod fram med musikallåtar, mellom anna frå musikalane Jesus Christ Superstar og Hair. Julian takkar Kulturskulen og læraren sin, Maria Malmsten, for god støtte og lære. Han syng godt, legg inn dramatikk og regi, jamvel med innslag på samisk.

Ikkje noko å sei på frammøte i Helgheim.

Allsongen høyrer med, denne gongen med tonefylgje av Frode Kaldestad og song/gitar Svein Rimestad. Til slutt: Det er ingen korkafe utan åresal, kaffi og kaker.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Tor Edvard Taranger