Reidar Myklebust spør: Kor vart det av sandflåten som grov sand i elvosen i Uskedalen på 1950 og 1960 talet. Han veit at den sokk, vart heva og ført bort, men til kva plass. Asbjørn Olsen veit svaret. I oppveksten var han mykje i elvosen, rodde ut til flåten og fekk med seg det meste av det som skjedde. Dessutan var han teknisk interessert og ville vita korleis sandgravinga fungerte.

Asbjørn Olsen stadfestar at flåten sokk. Flåten vart heva og ført til Ølen. Det vart gjort av Matrekarane, sam slekta som i dag driv Westcon i Ølensvåg. Steinknusaren, grabben og ein soldar ligg på botnen og kan vintersdagen koma litt til syne. Det var straumkabel frå land som dreiv grabben, ikkje dieseldrive aggregat. Flåten vart flytta ved hjelp av spel i to hjørner og vaier i land. Steinknusaren var liten og hadde redusert kapasitet.

Det var Sverre Myklebust, far til Steinar, Reidar og Gunvor, som dreiv sandflåten. Med seg hadde han mellom anna Rikard Feet, Einar Myklebust og Peder Musland. Rikard Feet sat i kranen og auste opp sand. Einar Myklebust var reperatør, skrudde og sveiste. Skutene la til og vart lasta ved flåten. Steinen gjekk stort sett over bord, ligg i haugar og er synleg den dag i dag. på 2 – 3 meter djupne. Arbeidskarane brukte robåt for å koma seg til og frå Granen. Sanden vart for det meste levert til Bergen Sandsilo ved ein Wesenberg som direktør.

Flåten var festa i bøyar og med vaier i land. Den eine bøyen ligg i stranda på Holmen. I eit uver kom den seg laus og rak i land på Holmen.

Uskedalen.no takkar Asbjørn Olsen for informasjon. Veit du noko om dette arbeidet eller har utfyllande informasjon, la oss få vita det. Meir om sandgravinga i elvosen kjem seinare, mellom der dei grov sand direkte frå skøytene. Men: Kva var firmanamnet på verksemda til Sverre Myklebust ?

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Nordahl - frå fotosamlinga til Aud Karin Lovfall