Kor mykje snø er det på flat mark ?
Så var det påan igjen. Fram med kost, snøskuffa og snøfresaren for dei som har det. I går kveld vart det målt 20 cm snø på flat mark. Det var nede i bygda i strandsona. I område kring Bergen er det målt 40 cm snø. I dag har snøen sokke litt saman. Kor mykje snø er det på flat mark der du bur. Reknar med det er langt meir snø oppe i dalen. Ta eit foto og send til uskedalen.no.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal