Med restriksjonar i pandemitida var julekonserten i Uskedalen kyrkje tilbake i si tradisjonell form. Eit breiddeprogram med kor, korps, kantor, salmesong og solistar var unnagjort på 90 minuttar. Leif Inge Heimvik måtte melda forfall grunna sjukdom, men han kjem sterkare igjen på konsert i kyrkja til våren. Nytt og uventa var innslaget til systrene Ylva og Vilde Helgesen. På piano og baryton framførte dei Fargo. Foreldra kallar det eit musikalsk heimeprosjekt. Dei øver heime og står fram med fine arrangement.

Flott opning av konserten ved dei flinke musikarane i skulemusikken dirigert av Tor Skeie Olsen.
Uskedal Musikklag.

Skulemusikken med dirigent Tor Skeie Olsen er i vekst. Mitt hjerte alltid vanker er ikkje av den enklaste, men framføringa var god – med hjelp av trommisen på bakerste rekkje. Vokalensemblet GLIMRAH var noko redusert i kveld. Gruppa syng godt. Dei finn ofte fram julesongar frå mellomalderen og ofte med bakgrunn i folketonar.

Røysterett for Alle hadde fire julesongar på sitt repetoar. Nytt var den beste av alle, nemleg Heilagnatt framført på klassisk nynorsk med ei rettskriving frå 1917. Det høyrer vi mellom anna ved at sterke hokjønnsord har i ending ( jordi ) og bruken av yver for over. Det var eit godt og solid innslag av julesongen, som alle trur er svensk. Rett skal vera rett. Teksten er fransk. Bassrøystene imponerte med sitt soloinnslag.

Systrene Ylva og Vilde Helgesen framøte Fargo på baryton og piano.

Kantoren, Eva Megyesi, framførte mellom anna Carol of the Bells som har sittt opphav frå ein ukrainsk folketone. Ved utgangen spelte ho julemusikk frå mange land, arrangert av henne sjølv. Uskedal musikklag sviktar ikkje. Det var sterkt å høyra Trygve Hoff sin Nordnorsk julesalme med Knut Steinsletten som solist. Kvartetten ÆRE framførte fire songar med juletema. Den musikalske leiaren, Eva Megyesi, er god på å finna høveleg stoff for ein kvartett.

Ut frå ei samla vurdering var julekonserten vellukka. Soknerådet kan vera nøgd med frammøte, sjølv om det enno er noko igjen før ein når tilstrøyminga slik det var før pandemien.

Teks/foto/nett: Kristian Bringedal