Politiet gjennomførte farts- og promillekontroll i Uskedalen laurdag kveld, heile tre timar frå kl. 20 til kl. 23. Plassen var busslomma ved nedre Halsabrotet. Med laser retta mot Brekketoppen vart alle køyrande registrerte på inn på Fylkesveg 48 mot Rosendal. Dei som bur langs vegen har lenge merka seg den høge farten og meldt frå om tiltak som kan dempa farten i det som er 40 og 50 km sone gjennom Uskedalen. Dessutan har det vore fleire kritiske forbikøyringar, også ved avkøyringa til Beinavikjo. Så langt uskedalen.no kjenner til, ser Politiet på Uskedalen som eit prioritert område med fleire kontollar i tida framover.

Politiet gjennomførte farts- og promillekontroll i Uskedalen laurdag kveld.

Lars Martin Feet, som bur langs vegen, rosar politiet for godt arbeid. Etter mange oppmodingar vart det endeleg utført fartskontroll. Kontrollen omfatta også promille. Uskedalen.no kjenner ikkje resultata etter kontrollen, men det vart skrive ut forelegg på staden. Resultata kjem i eige innlegg når tala er offentlege.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Foto: Illustrasjonsfoto