Ei veke til det blir lys i grana og vi minner om open mikrofon og konsert i kyrkja med Singing Tween.

Singing Tweens står for Mini-konsert og Open mikrofon etter grantenninga 1. Desember. Kl 17.30 i kyrkja.


Kven som vil kan vere med på open mikrofon. Du kan syngje, spele eit instrument eller begge deler. Kanskje vil du syngje til Singback, så er det mulig og’. Vi syng om Jesus og Jula. Men andre songar kan og godtakast.
Frist for å melde seg på til Open mikrofon er innan måndag 27.11. Til Nelly Kjærland, telefon 950 82 320.

 
Måndag 27.11 har vi i Singing Tweens øving i kyrkja etter skuletid. Du som går på Uskedalen skule er velkomen til å kome dit og øve til Open mikrofon. Vi set av øvinga til dette. VELKOMEN.  Trude og eg kan følgjer borna til og frå øvinga.


Det hadde vore veldig kjekt om eldre elever/ungdomar og ville vere med på Open mikrofon. Gamle Singing Tweensare er spesielt velkomen.
Håper vi ser DEG. 😀 

Mvh leiarane i Singing Tweens, ved Nelly Kjærland

Nett: K.Bråtun