Torsdag 18.6 avslutter skulemusikken sesongen med å invitere til konsert saman med Rosendal skulekorps. Konserten blir i Rosendal samfunnshus kl 18 og alle er velkomne. Det blir eit variert program, der mellom anna dei som har vore aspirantar dette skuleåret skal spele saman med “storkorpset” Dei gler seg til å vise fram det dei har øvd på!

Kjenner du nokon som kanskje har lyst til å være med i skulemusikken? Etter konserten blir det mogeleg å få prøveblåse i eit instrument. Dette er også mogeleg onsdag 17.6 kl 1415 på Uskedalen skule då musikantane kjem på besøk på SFO og speler litt der. Uskedal skulemusikk ynskjer velkommen til alle som har lyst til å lære å spele eit instrument – frå 2. klasse og oppover. Unntaksvis tek vi også imot 1. klassingar – ta kontakt med Monica Hermann (telefon 90635493) dersom det er aktuelt.