Konfirmantar med eigne tankar og synspunkt og som vågar å stå for noko.
I sokneprest Kjersti Brakestad Boge sin tale til konfirmantane i dag takka ho for mange gode samtalar i tida dei har hatt saman det siste året. Dei åtte konfirmantane frå Uskedalen er engasjerte og står fram med eigne tankar om rett og gale. Å stå for noko, leva for kvarande og våga å sei frå er viktig i ei uroleg samtid. Evangelieteksten var henta frå Johannes kap. 15.

I orientering til opning vart det sagt at ved årets konfirmasjon var det som å gå tilbake i tid då konfirmantane frå Uskedalen vart konfirmert i Kvinnherad kyrkje, fram til Uskedalen fekk eiga kyrkje i 1914. Slik sett var konfirmasjonen litt historisk.

Kyrkja var mest fullsett i dag med foreldre, slekt og gjester frå mange kantar av landet. Frå Uskedal sokneråd vart det sagt fram helsing med takk for hjelp og støtte i arbeidet i soknet. Særleg vil ein framheva den store innsatsen konfirmantane la ned i Fasteaksjonen ved å samla inn over kr. 24 000,- til Kirkens Nødhjelp. Alle fekk rose og kyrkjebok.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Jon Harald Kjærland