Andre laurdagen i november inviterer KRIK Husnes endeleg til sin årlege innebandycup i Husneshallen igjen. Fjorårets cup vart avlyst grunna korona. Opnings-show, innebandyturnering med flotte premiar, kreativ
formidling frå Bibelen, Jesus-hjørne og Café med Playstation er stikkord som skal motivera ungdommar frå 8. kl og oppover til å ta turen innom dette kristne, rusfrie arrangementet. Konfirmantane frå Uskedalen er inviterte til temadag i Valen kyrkje på ettermiddagen og seinare på kvelden, kan dei som ynskjer det, vera med Nattcupen.


Husnes kyrkjekontor har arrangert innebandyturneringar i mange år. I byrjinga var cupen lagt inn som ein del av det obligatoriske konfirmant-opplegget. Seinare har det vore eit frivillig tilbod både til konfirmantar og andre ungdomar. Fleire år har det vore 3-400 ungdomar innom arrangementet. På det meste har meir enn 30 lag stilt i sjølve turneringa, og det har vore stor stemning både på banane, på tribunane og i nattcaféen.


Ein Nattcup er så mykje meir enn berre cup! I tillegg til opningsshowet ,vert det ein programdel seinare på kvelden. I år er me så heldige at me har fått med oss «Farmen-presten» Thor Haavik og SAMANteamet (ungdomar frå Bergen). Thor Haavik frå Loddefjord i Bergen arbeidar som prest i Salhus kyrkje. Han jobbar mykje med konfirmantar og ungdomar. Thor var med i reality-programmet Farmen på TV2 hadde.

Sokneprest i Etne, Per Hjemdal, vert også med.Han har gjort stor suksess på Instagram som #PrestenPer, der han m.a. legg ut humoristiske videoar som formidlar tankar rundt søndagens tekst. Han vil at følgjarane skal undre seg, bli nysgjerrige, og ikkje minst vil han få dei til å le. «- Viss eg får nokon til å le ein dag, då har den dagen blitt litt betre. Ein dag utan glede er litt stussleg,» sa presten til NRK då dei hadde eit intervju med han i fjor.

Dei som vil vera med i turneringa kan melda seg på via internett (www.kriknattcup.no). Påmeldingsfrist er andre onsdag i november. På nettsidene våre kan ein også følge med på resultata utover kvelden når Nattcupen er i gong. Sjølv om Nattcupen er eit 100 % rusfritt arrangement i kristen regi, ynskjer me ikkje at dette skal vera ei slags sovepute for foreldre og føresette. Ta gjerne turen oppom Husneshallen i løpet av kvelden. Me ynskjer at Nattcupen, og alle aktivitetane rundt sjølve turneringa, nettopp skal vera ein stor motivasjon for ungdomane til å halda seg rusfrie denne kvelden!

Soknepresten i Uskedalen og medlemer frå soknerådet vert med på arrangementet dagtid. Det vert organisert skyss til og frå Valen kyrkje.

Tekst: Redigert frå pressemelding
Foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal