Konfirmantane i Kvinnherad og Etne fekk i går møta Thor Haavik, kjend som Farmenpresten. Det var på ei storsamling i Valen kyrkje der alle konfirmantane var samla i forkant av Nattcupen på Husnes. Sokneråda frå kyrkjene i Kvinnherad var medhjelparar med mat, servering og tilsyn. Arrangemnetet er ein del av Bispedøme si satsing på konfimantar.

Konfirmantane frå Uskedalen sette pris på å få møta Thor Håvik, kjend frå TV programmet Farmen.

Prosjektleiar Annine Vieth Mildestevedt frå bispekontoret fortel til uskedalen.no at med denne satsingar har ein nådd utog møtt 3000 konfirmantar. Eit eige band med solistar står for musikken. Bandmedlemene er mellom anna musikkstudentar på Griegakademinet. Berre Florø og Førde står at på turnelista. Då har ein vore innom alle prostia i Bjørgvin.

Thor Haavik er til vanleg prest i Salhus. No har han ein 50 % stilling i det kyrkjefaglege ungdomsarbeidet på bispekontoret. Håvik har namnet sitt frå Ølve. Begge besteforeldra kjem frå Kvinnherad. Han minnest godt alle feriane i Ølve og reisa med ferja over Halhjem – Våge. Det vart synt nokre filmklipp frå Farmen der Thor Haavik bed for og velsignar nokre av deltakarane. Ein vaksendåp var også med i sendinga.

Konfirmantane fekk vera med i ei læringsøkt og ei kort ungdomsgudsteneste. I tillegg var det mat og drikke ute på kyrkjetunet. Mange av konfirmantane frå Uskedalen fekk personleg helsing frå Farmenpresten i konfirmantboka si. Det vart også teke selfi.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal