Går det slik Grenda si meiningsmåling syner, kan fleire av medlemene i det nye kommunestyret koma frå Uskedalen. Av tilsaman 216 namn på dei ni listene, finn vi 18 namn frå Uskedalen. Det er berre Senterpartilista som manglar representasjon frå Uskedalen. Norfakta si måling for Grenda i perioden 24. til 27. juni syner framgang for fire parti, alle med sterke namn frå Uskedalen. I beste fall kan Uskedalen ryka inn med heile 6 mandat, men dette er tal ut frå ei meiningsmåling. Val er val. Sjå kva meiningsmålinga syner og kan føra til:

Bjørn Olav Tveit, nr. 6 på AP lista, kan truleg sjå fram til ein plass i det nye kommunestyret.
  • Høgre har sterk framgang og kan gå fram frå 9 til 12 mandat, noko som vil sei ar Oddbjørn Kroka ( nr. 6 på lista ) truleg har ein sikker plass.
  • Det nye Industri- og næringspartiet kan koma inn med heile tre representantar. Her finn vi Thomas Eide på 5. plass. ( Sjå bilete på topp ). Med litt taktisk røysting kan Eide få ein plass i det nye kommunestyret.
  • SV held sine to representantar, dersom det går slik meiningsmålinga syner. Wermund Vetrhus er kumulert på 3. plass. Han kan koma inn, men vil uansett få ein varaplass.
  • Framstegspartiet har ein liten tilbakegang utan at det gjer noko for talet i K.styret. Tove Lill Lakselv på 3. plass er i ein sterk posisjon til å koma inn.
  • Miljøpartiet dei Grøne har framgang utan at det gjev utslag på antal mandat. Jostein Saghaug har ein sikker kumulert 1. plass.
  • Arbeidarpartiet går tilbake frå i dag 7 til 6 mandat. Bjørn Olav Tveit, nr. 6 på lista, er usikker. Tveit er eit sterkt namn og mykje tyder på at han får ein plass i kommunestyret etter valet i haust.
  • Venstre er i dag inne med 1 representant. Partiet har tilbakegang på målinga og kan koma til å falla ut. Dei to namna frå Uskedalen har ingen sjanse til å nå opp.
  • Kristeleg Folkeparti har framgang og er inne med to medlemer. Dei to fyrste på lista er kumulerte. Ingen av desse er frå Uskedalen
  • Senterpartiet har i fylgje meiningsmålinga ein sterk tilbakegang, frå 8 til 5 mandat. Ingen namn frå Uskedalen.
Tove Lill Lakselv ( t.v. ) nr. 3 på FRP lista har ein god sjanse på plass i K.styret.
Oddbjørn Kroka på Høgrelista må rekna med fast plass i K.styret




Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto