I svarbrev til Møyfrid Kristoffersen frå Kvinnherad kommune kjem det fram at kommunen vil halda fram med grasklypping og skjøtsel av kommunalt område ved Haugland skulemuseum. Øyvind Hatteberg og Jarle Nilsen skal etter avtale gjera jobben. Arbeidet tek til innan to veker. Fram til no i år er den gamle skuleplassen rydda og stelt på dugnad. I det same svarbrevet kjem det fram at kommunen ikkje har midlar til å kjøpa to stk. hagebenker. Det vart difor avslag på søknad om innkjøp av utebenker. Brevet er underskrive av kulturkonsulent Anita Lykkja. Meir om denne saka kjem seinare.


Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal