Skogsvegen på Døsslandssido er ein av fem skogsvegar som er tildelt kommunalt tilskot, kr. 50.400,- i 2022 og kr. 229.600 i 2024. Det er ei ekstra løyving i tillegg til løyving ut frå statlege føringar. Løyvinga vert utbetalt når skogsvegen er formelt godkjent. Skogsvegen Døssland/Feet er under bygging og vert avslutta i nær framtid. Ein føresetnad for tilskot er at vegtraseen er open for allmenn ferdsel, men stengt for motorkøyrety bortsett frå framkomst for landbruksdrift. Skogsvegen er 1,4 km og går i lia frå Døssland til grensa til utmarka til Elin og Geir Enes. Vi gjer merksam på at bileta er frå september månad og at mykje arbeid er gjort fram til i dag.

Musland Maskin er entreprenør. Bilete syner starten på vegen på Døssland.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Grenda