Kommunalt avslag til to hagebenker på Haugland skulemuseum - frivillige eldsjeler " tok skeia i eigne hender ".
Det er den siste tida utført mykje frivillig arbeid på det kommunale skulemuseet på Haugland, mellom anna nyrestaurert port, nye rammebord, måling og hagearbeid. På spørsmålet om å kjøpa inn to hagebenker, laga på Kvinnherad Vekstbedrift, fekk dei frvillige eldsjelene nei. Kulturkonsulent Anita Lykkja skriv slik i svarbrevet: Sitat: Slik situasjonen er no, er det ikkje midlar til å kjøpa inn hagemøblar til kommunen sine kulturmiljø. Kvinnherad kommune har med andre ord ikkje midlar til innkjøp av to hagebenker til eige museum. Eldsjelene tok ” skeia i eigne hender “.
Med spleis, loddsal og innsamla midlar er benkene på plass. Møyfrid Kristoffersen har lodda ut bregdaband til inntekt for Skulemuseet. All inntekt på loddslet gjekk til å dekka kostnader med benkene. Kristian Bringedal har oppmoda grupper og andre gjester på tunet om gåver. Eit døme er innsamla midlar frå etterkomarane etter Margit og Knut Eide som gav ei overføring på kr. 2.500,-. No er benkene betalt og komne på plass. Ta turen, sit på benkene og sjå Vonheim, skulemuseet og den vakre plassen rundt.
Tekst/nett:Kristian Bringedal Foto: Møyfrid Kristoffersen