Elins Matgleder leverte på sitt beste i dag. I overkant av 100 gjester frå heile kommunen fekk oppleva Vertshuset Perla og Uskedalen i varmt sommarver, jamvel om datoen er 1. september. Begge middagane var fullteikna og mange nytta høve til å få sjå og oppleva den nyrenoverte restauranten og selskapslokale i Uskedalen. Maten var god og delikat lagt på fat,- blomkålsuppe, svinesteik ( m/ tytebærsyltetøy ) og Dronning Maud pudding med kaffi. Bilete er frå den andre samlinga kl. 17.00 i Uskedalen.

Egil Vaage spelte hardingfele og fortalde om lokale slåttar.

Tilskipar var Kvinnherad kommune ved Frivilligsentralen. Nær på 500 serniorar frå heile kommunen vil innan fredag i denne veka vore innom eit av tilsaman seks arrangement. Underhaldninga er fordelt på tre aktørar/grupper – Egil Vaage, Tore Nordahl-Pedersen og Rustne Menn.

På Vertshuset Perla i dag var det frammøte frå Sjøvangen på Halsnøy i sør til Mauranger i nord. Alle sette pris på invitasjonen. Målet er å skapa ein sosial møteplass i ei tid då det er lite og inkje tilbod for pensjonistar.

Rustne Menn har oppdraget med underhaldning på fire av dei seks kommunale middagane.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Rolf Lothe/Kristian Bringedal