Det er mange faktorar som har innverknad på folketalsutviklinga i Kvinnherad og dermed også i Uskedalen. Snittalderen i Noreg er 41,1 år. I Kvinnherad er snittalderen 43,6 år. Stord har til sammenlikning ein snittalder på 40 år, noko som fortel oss at ein større del av innbyggjaren i Kvinnherad er eldre personar. Vi kjenner ikkje til om det finst slik graf berre for Uskedalen, men tendensen er truleg den same.

Grafen syner aldersfordeling i Kvinnherad-

Dødlegheten i Kvinnherad var i 2023 blant det lågaste på 9 år. Det døydde 35 personer færre i 2023 enn i 2022. Fødselstala er låge. Grafen over syner aldersgrupper. Grafen syner at innan 20 år vil folketalet gå sterkt ned. Snittalderen vil også gå litt ned, men det fortel likevel mykje om eldrebylgja som kjem i Kvinnherad.  

Ein annan faktor som påverkar folketalet i Uskedalen er busetnad av flyktningar. Uskedalen er ikkje fyrstevalet når det gjeld busetnad. Om ein likevel bur i Uskedalen og melder flytting, vil det ha innverknad på folketalet. Vi kjenner til at ein familie i 2023 valde å flytta frå Uskedalen til ein annan landsdel. Det kan vera nok til å forklara nedgangen.

Det er også noko uvisst kven som melder flytting ved fast instiusjonsplass på ein av sjukehiemane våre. Det er truleg slik at dersom ein bur t.d. på Rosendalstunet og melder flytting, vert ein rekna med til folketalet i Rosendal og ikkje i Uskedalen.

Redaksjonen bad om kommentarar elev- og folketalsutviklinga i Uskedalen. Takk til denne lesaren som analyserer tala og let oss få vita det.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkiv/graf frå SSB